Kvarts

Kvarts-300

 
Kvarts spelar instrumentalmusikk i folkemusikksjangeren.

Folkemusikkgruppa Kvarts er ei av dei mest etablerte folkemusikkgruppene i Noreg, og har mellom anna vunne to Spellemannprisar. Gruppa har heilt frå starten vore solid rotfesta i den norske folkemusikken, og med ei rekkje instrument, og med humør og speleglede har gruppa fått eit stort publikum. Repertoaret til Kvarts er ein smakfull kombinasjon av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale.

Gruppa har og har hatt svært vellukka samarbeid med ei rekkje kjende norske musikarar, som t.d. Kringkastingsorkestret, Jonas Fjeld, Berit Opheim, Sondre Bratland og Birger Mistereggen.

Kvarts har gjeve ut fem cd-ar. Fyrste cd-en til gruppa Kvarts fekk Spelemannprisen i 1999 for beste folkemusikk/gammaldansproduksjon. Oppfylgjarplata som kom i 2001, «Filigran», vart også nominert til Spelemannprisen. I 2004 gav dei ut musikken frå framsyninga «Skal, skal ikkje», og i 2006 kom «Steinsprang». For denne produksjonen fekk dei den andre Spelemannprisen. «Ekte døl», med musikk av trekkspelaren Oddvar Nygaard, vart lansert i 2008, og våren 2009 kom dei ut med live cd-en «Folkemusikk i symfoni», som er liveopptak frå konsertane Kvarts hadde saman med Kringkastingsorkestret (KORK) i 2007. Kvarts har også laga fleire tingingsverk. Kvarts har også medverka i ei lang rekkje radio- og TV- program, og gruppa har turnert i inn- og utland, mellom anna for Rikskonsertene.

Av internasjonale oppdrag har Kvarts blant anna spelt på International Grüne Woche, Berlin (2003, 2004 og 2005), Folk Alliance Conference, Jacksonwille, Florida (2002), Millennium Stage- Kennedy Center, Washington DC (2002), og dei var NRK-musikere under OL i Salt Lake City (2002),

Kvarts er: Jo Asgeir Lie (trekkspel), Øystein Rudi (fele, hardingfele), Tom Willy Rustad (kontrabass, toradar, seljefløyte, munnharpe og gitar) og Erlend Styve (vokal, gitar).

Konsept:

Konsert I full lengde (ca 90.min)

Events etter eige ynskje