Stig Ulv

StigUlv-300

 

  
Stig Ulv er ute med ny plate, “Dur”. Dette er artisten sitt tredje studioalbum og innheld 10 melodiar i kjent Stig Ulv stil der gitarane står for all musikken.

Det set sine spor å vekse opp i Ørsta, Ivar Aasen si heimbygd, som ligg klemt mellom mektige fjordar og majestetiske fjell på Søre Sunnmøre. Det er truleg her, i skjæringspunktet mellom folk og natur, at den har oppstått, Stig Ulv sitt distinkte varemerke: Den uimotståelege klangen.

Den som fekk Magne Furuholmen til å avbryte han midt under ein konsert for å få med seg ein signert CD. Den som gjer at Dagbladet sin journalist Tom Stalsberg finn det tvingande nødvendig å be folk om å sjekke ut den beskjedne sunnmøringen.

Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, han får dei til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav.

– Dette er ikkje akkurat festmusikk, seier Stig Ulv sjølv.

Og det takkar vi for. Det fins nok av slikt. Nei, Stig Ulv er noko heilt anna: Ro og pusterom. Høgst nødvendige komponentar i ei samtid prega av stadig aukande krav til tempo og effektivitet. Sjølv kallar han det stemningsfull instrumentalmusikk. Men det er berre for han er beskjeden.

Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas. Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre.

Videoar:
Lunsjkonsert live på NRK i 2014
Nyheitssak på NRK mr ved lansering av DUR